olla.no - Olla Forlag

Example domain paragraphs

Vi er no i siste halvdel av skuleåret 22/23. I desse dagar skal skulane bestille neste skuleårs verkstader og opplevingar for elevane, skuleåret 23/24. Dette bli den siste runden innanfor DKS for min del. DKS er ei fantastisk ordning for skulane, møta med kunst og kultur uvurderleg i danninga til skuleelevane. Eg har vore så heldig å ha hatt fleire produksjonar på turné gjennom denne ordninga i mange, mange år — både eigne forestillingar/workshops, og saman med andre utøvarar innafor andre kunstfag.

For tretti år sidan flytta eg heim til Møre og Romsdal etter 20 år i Oslo — og eit par i Kongo.Det har eg aldri angra på, for jobben eg då starta i som teaterlærar ved Vestnes kulturskule opna dørene til meiningsfull formidling for barn og unge på vidt gap.

Dette var ein prosjektperiode der den tradisjonelle musikkskulen skulle utvidast til å innehalde fleire kunstuttrykk. Vi jobba i team, der teater, musikk, visuell kunst og dans samspela om å fargelegge tilværet for innbyggjarane i kommunen. Snart hadde vi faste besøksdagar i alle skular og barnehagar, institusjonar og i det lokale og regionale kulturlivet for øvrig. Vi samarbeidde tett med lærarar om opplegga i skulen, der vi kunne arbeide saman om nær sagt kva som helst, frå konstruksjonar av store geometr