isrosa.no - Isrosa

Example domain paragraphs

Isrosa produserer økologisk is av høg kvalitet. Me har mange smakar, både mjølkeis og fruktis.

Isen vert produsert av økologiske råvarer. Egg og rabarbra klarar me å produsere sjølve, og mjølka kjøper me fersk frå økologiske gardar i nærområdet. Bjørnebær, bringebær, plommer og anna frukt kjem også frå øko-bønder i nærleiken. Resten av ingrediensane er i hovudsak importerte, men alt har økologisk godkjenning. Nokre smakar er knytt opp til sesongane, og vert ikkje laga heile året.

er ein viktig ingrediens i god is. Derfor har me vår eigen økologiske hønseflokk som har god plass og får gå fritt ute kvar dag. Me har fleire ulike raser. Dei fleste er høner som kanskje ikkje verper kvar dag, og derfor er dei produktive i fleire år. Kvar vår får hønene ruge ut eigne kyllinger. Og sjølsagt har dei ein staselig hane som passer på.

Links to isrosa.no (1)